Les og last ned som Adobe dokument (mer utskriftsvennlig)
Du trenger da Adobe Acrobat Reader (hent gratis her)

Dommen og rettskjensla

…..Alle som har følgt litt med, har ikkje kunna unngå å leggje merke til at omsynet til den allmenne rettskjensla har sveva som ei ånd over retten sidan påtalemakta avgjorde at ho ville reise tiltale. Og når dommen fell nesten som bestilt, får han allmenn applaus frå media, med VG's Olav Versto i spissen. Han oppsummerer ikkje berre dommen som knusande, noko han sjølvsagt er etter å ha gitt strengaste straff til tre av dei tiltalte, men også som sann og rett.

Slik eg ser det har media heile vegen vore med på å reie grunnen for kva som skal forståast som rett, og kva blir den allmenne rettskjensla i folket då? I byrjinga prøvde mellom andre advokaten Dag Steinfeld å stille spørsmål ved den omfattande kommentarverksemda media dreiv med, som om dei var løpande meddommarar. Tida har gitt kritikarane rett. At ålmenta blir påverka av slik omtale, er sjølvsagt. Viktigare er det at alle påstandar om at ei rettsleg avgjerd ikke lar seg påverke av media, framstår som absurd. No har media ikkje berre fått dommen sin. Dei sluttar seg til dommaren si kritikk av einskildsadvokater og -aktørar, og til reint moralske karakteristikkar av dei dømde. I etterspelet blir også slektningar (med interesser på Orderud) som i intervju oppsummerer både hoveddommen og fengslingsdommen som rett, brukt som sanningsvitne. I kven si interesse snakkar dei?

Då påtalemakta utforma tiltalen til medverking til overlagt drap, var det for å kunne få til ein dom utan fellande bevis. All medieomtale slutta seg stort sett til det geniale i dette opplegget. I retten opna det for ein alles kamp mot alle, der forsvararane til ein tiltalt i røynda fungerte som hjelpeaktor mot ein annan. I sum verka dermed også ein del av forsvaret til eit total-tilfang der påtalemakta kunne plukke det som høvde inn i deira kram, truverdig eller ikkje. Kven som kom best ut av dette interne slagsmålet, fortel dommen oss. …..

Ein dom som oppfyller lokalsamfunnet sitt ønskje om "ro", og som oppfyller den "allmenne rettskjensla" media flest har vore med på å underbyggje, og som dei etterpå sluttar seg til. Ikkje noko av dette oppfyller kravet til at det ikkje skal vere rom for tvil om at dommen også er rett.

Dag og Tid, 28. juni 2001, Roald Helgheim

 

 

 
Oppdatert 7. mai 2004
Kontakt Webmaster